Reiselivsbasen Sogn og Fjordane / Luster (1426)

Kunstnarsenteret og Adelsetet Munthehuset

Gjestehus
Vakre omgjevnader ein oktoberdag 2006.

Vakre omgjevnader ein oktoberdag 2006.
Gjestar til omvisning, inklusiv kaffe og krumkaker i biblioteket.

Gjestar til omvisning, inklusiv kaffe og krumkaker i biblioteket.
Tilberedt til 3-5 rettars middag ved peisen.

Tilberedt til 3-5 rettars middag ved peisen.
Margrethe Munthes suppemeny - Krepsesuppe, nytes på terrassen med fjordutsikt.

Margrethe Munthes suppemeny - Krepsesuppe, nytes på terrassen med fjordutsikt.
Kultursenter på 1800-talet
Dette eineståande huset, meir enn 200 år gamalt, har spela ei sentral rolle i norsk kunst- og kulturliv og nasjonsbygging i det førre hundreåret. Det var møtestad for forskarar, geografar og ikkje minst for Noregs fremste kunstmålarar i den nasjonalromantiske perioden i første halvdelen av 1800-talet. Her vanka Johannes Flintoe, Joachim Frick og her møttest Adolph Tidemand og Hans Gude for fyrste gong. Johan C. Dahl hadde Munthehuset som base for fleire turar i den storfelte naturen, m.a.til Jostedalsbreen, Skjolden og Fortun. Resultatet vart ei rad fine blyantteikningar som seinare var grunnlag for fleire av målarstykka til meisteren.

Det var også her i Ytre Kroken Dahl traff den unge Thomas Fearnley og fekk han med til Dresden. I Munthehuset og Ytre Kroken fann våre fremste kunstnarar den gongen inspirasjon i samveret med kvarandre og i møtet med eit mektig landskap.

Storgard i mellomalderen
Ytre Kroken er ein av dei norske storgardane som er kjende frå mellomalderen. Frå 1700-talet og fram til 1884 høyrde garden til Munthefamilien. Gerhard Munthe (1795-1876), offiser, historikar og kartograf, var fødd på slektsgarden i Ytre Kroken og var i mange år sjølve krumtappen i det rike kulturlivet som utvikla seg der i store delar av 1800-talet. I Christiania var han meddirektør for «Tegne- og Kunstskolen» for Nationalgalleriet og direktør for Kunstforeningen. Han slo seg ned på slektsgarden for godt i 1841. Etter at Muntheætta selde huset for 113 år sidan, har bygningen vore nytta til ymist. Til 1957 var her husmorskule; seinare har staden stått tom og aude og i forfall.

Lenge hadde forfallet herja Munthehuset, og det såg mørkt ut for framtida til den ein gong så staselege bygningen. Men etter at ihuga kunst- og kulturinteresserte fleire stader i landet hadde slege alarm,vart det i den siste tiårsbolken gjennomført ein vellukka bergingsaksjon, og på sjølvaste Kulturminnedagen 21. september 1997, stod huset fram nyrestaurert og i bortimot full glans og prakt.

Det blei funne maleri i taket som er mala av samme malar som takmaleri ved det norske slott.

No, vel 10 år etter er huset tilgjengeleg for omvisning, og overnatting dagleg i turistsesongen. Det er 5 flotte dobbeltrom, smakfullt innreidd. Eit singelrom er det som tidlegare var biblioteket. Frukost er inkludert. Lunsj, middagsservering og kveldsmat med lokale og økologiske råvarer.

Frå sesongen 2008 blir huset utleigd med husvert og personale til matlaging, servering og reingjering. Det er mogleg med selskap fordelt på fleire rom samtidig. Ypperleg om ein ynskjer å tilretteleggje for ulike aldersgrupper (f.eks. slektsstemner, konfirmasjon og bryllaup).

Ellers er det ulike arrangement i huset vår og haust, i tillegg til dei som ynskjer å nytte huset til feiring av bursdagar, konfirmasjon, bryllaup, firmajubileum etc.

Kommande år er det kulturkveld, Krimpåske og barnekulturfestival under planleggjing.

Huset er ypperleg som plass for turistar som ynskjer å kombinere med å sykle, gå (pilgrimsvandring), sykkeltur rundt Luster eller som mellomstasjon, kombinasjon med aktivitetar som kajakktur og fjelltur med Moreld eller Sognatur.

Plassen har flott utsikt mot Solvorn, Jostedalen og Molden, fredleg område, nærhet til Urnes stavkyrkje (10 km), Fuglesteg, halv times køyretur til Hurrungane i Vestre Jotunheimen (sognefjellet), interessant historie, avslappet stemning, romantiske og smakfulle middagar. Fin plass å kombinere med turar til Lom og Vågå, og Geiranger og Trollstigen. Kan kome frå Oslo via Tyin, Årdal, Turtagrø og Kroken. Bergen, Lærdal, Årdal, Turtagrø og Kroken. Fergeturen frå Ornes til Solvorn er ei av verdas vakraste båtturar.

Frå neste år kan du bli med på båttur frå Solvorn som besøker ulike turistattraksjonar langs \"den romantiske vegen\". Solvorn, Lerum Saftmuseum, Feigumfossen (maleri heng på det kongelige slott, Oslo). I tillegg blir det turar frå Marifjøra, og over fjorden til Kroken, der ein kjem til lunsj på Munthehuset og blir køyrd med hesteskyss til Urnes stavkyrkje, og tek deretter ferge og buss tilbake.

Med beste helsing
Frode Sjøthun
Husvert Munthehuset

Etablissement:
Gjestehus, Selskapslokale, åpent i sommersesongen.
Postadresse:
Stiftelsen Munthehuset
v/ Styreleiar
Årøy
6556 SOGNDAL
Besøksadresse:
Ytre Kroken, Skjolden
Ein av fleire destinasjonar langs "Den Romantiske Vegen", mellom Skjolden og Urnes Stavkyrkje (noregs eldste, Unesco destinasjonen).
Google Maps
finn mer
GPS:
see also: Google Maps
and also: GE LivePlacemarks
and also: GE LiveLookup
Telefon og Internett:

Time Current time in Norway




Internet
ePost

S-A print no en de nl [<< tilbake] [Gjestehus og Hotell Luster] [Aktiviteter & Attraksjoner Luster]
© S-A.no - Reiselivsbasen

These pages uses Cascading Style Sheets (CSS) for text formating,
it seems like your browser does not support CSS. Please upgrade !